Hopp til innhold

Regjeringa somlar

Regjeringa brukar for lang tid på å vurdere den amerikanske Doman-metoden som behandling av born med hjerneskade. Det meiner stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen.

Gunvald Ludvigsen
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Regjeringa vil først i 2010 vere klar med si evaluering. Dette overraskar stortingsrepresentanten avdi regjeringa alt i samband med budsjettet sist haust lova å vurdere metoden. Ludvigsen rekna då med at det ville skje i løpet av 2007 eller i verste fall 2008.

-Behandling umogeleg

Ole Anton Brekke i Stryn er far til ein gut med cerebral parese, og har i 12 år kjempa for at den amerikanske metoden skulle bli tatt i bruk i Norge. Metoden går ut på å stimulere både hjerne og musklar for å få sjuke born til å fungere betre. Brekke seier ingen andre behandlingsmetodar har dokumenterte verknader, men han er møtt med fagleg påstand om at behandling av desse borna ikkje er mogeleg i det heile.

Trenerer vurdering

Brekke seier den lange tida som no går før metoden blir vurdert er typisk for byråkratane, folk på Rikshospitalet og i Helse- og sosialdirektoratet.

-Dei jobbar slik, og vil garatert ikkje komme til noko resultat.

Brekke reknar med at dei langt om lenge vil konkludere med at Doman-metoden heller ikkje kan dokumentere positivt resultat.

Unik metode

Men faktun er at Doman-metoden er den einaste behandlingsmetoden i verda som behandlar hjerneskadde med eit heilheitleg opplegg, seier Brekke.

Møte om saka

Gunvald Ludvigsen vil ha eit møte etter pinse med mellom andre Ole Anton Brekke og andre som jobbar med dette tema, for å finne ein veg vidare som kan gje gjodkjenning av Doman-metoden.