Hopp til innhold

Slepte vêr etter bil

Mannen var så sint på naboens vêr at han festa eit tau i horna og slepte den etter bilen.

Vêr
Foto: Jon Hauge, Aftenposten / Scanpix

Vêren hadde lenge irritert 52-åringen og familien hans som har ein eigedom på øy i Nordfjord. Den skal ha stanga både menneske og andre sauer.

Slepte 300 meter

Ein dag i januar vart han så irriitert at han bokstaveleg tala tok saka i eigne hender. I retten forklarte mannen at han festa han eit tau i horna til vêren og slepte den ned frå huset til der bilen hans stod parkert. Dyret vart deretter bunde fast i tilhengarfestet på bilen - før den hengande bak bilen vart slept den kring 300 meter lange vegen bort til naboen.

Ifølgje 52-åringen køyrde han i gangfart, og han fleire gonger stoppa for å sjekke at det stod bra til med vêren.

Kvelva over på sida

Eit vitne derimot har forklart han meinte farten på bilen måtte vere 30-40 km/t. Han fortalde også at vêren raskt kvelva over på sida og vart slept etter bilen på asfalten.

Etter at 52-åringen hadde sett vêren fri hos naboen, vart den funnen av vitnet og eigaren. Den hadde då skader både på horna, i nasepartiet og på beina. Skadene var så omfattande at veterinær måtte tilkallast.

8.000 kroner i bot

No er 52-åringen, som har adresse utanfor Sogn og Fjordane, dømd til ei bot på 8.000 kroner for brot på dyrevernlova. Fjordane Tingrett har også bestemt at han må betale veterinær-rekninga på 438 kroner og sakskostnader på 1500 kroner..