Hopp til innhold

Flyplasstilsett orka ikkje meir

Tidlegare flyplasstilsett slutta på grunn av dei nye innsjekkingsreglane.

Sikkerhetskontroll
Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

SEI DI MEINING: For strenge tryggleikskrav?

- Eg skjønar godt at folk blir irriterte. Og det som skjedde på Sandane blir berre for dumt.

LES MEIR: Bombespøk vart terroralarm

Strikkepinnar ok

Vedkomande som seier dette, var lenge tilsett ved ein av flyplassane i Sogn og Fjordane. Han legg ikkje skjul på at det som fekk begeret til å flyte over var innføringa av sikkerheitskontrollane.

Drikkeflasker får ikke bli med i håndbagasjen lenger.

Juice og anna flytande veske er forbudt på fly. Men strikkepinnar er greitt, i følge tidlegare flyplasstilsett.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

- Plutsleg sto du der og måtte ta juiceboksar frå 5-åringar. Men 20 cm lange strikkepinnar, det kunne folk ta med seg, seier han.

- Kan dei det?

- Ja, så lenge dei ikkje har intensjonar om å stikke nokon. Eg trur det er det som står i regelverket.

I går utløyste Tore Pedersen full terroralarm på Sandane lufthamn. Ifølge han sjølv var det heile ein spøk, ein slengkommentar som vart sagt i ein munter setting.

- Har du sett gjennom desse bombene då, sa Pedersen og lo.

Det var nok til at alarmen gjekk. Pedersen skjønar ikkje at det er mogleg ettersom han ofte reiser med fly frå Sandane.

- Folk kjenner meg her oppe, difor kom reaksjonen frå Securitas-vakta veldig overraskande på meg, seier han.

Hadde gitt blaffen

Vedkomande vi snakkar med, meiner episoden på Sandane fortel det meste om kor idiotisk heile sikkerheitskontrollen er.

- Eg hadde no gitt blaffen i ein slik kommentar. I alle fall når han kjem frå ein som vi kjenner godt. Nei, dette er heilt bort i natta gale, seier han.

Mange som sluttar

- Kjenner du fleire som har slutta på grunn av sikkerheitskontrollen?

- Ja, det er fleire. Eg veit også om folk som tel på knappane og som vurderer å gje seg.