Hopp til innhold

- Hadde sex frivillig

Mannen i 50-åra som er tiltalt for å ha valdteke ein 19 år gamal gut, vedgår å ha hatt sex med guten. Men han hevdar det skjedde frivillig.

Ivar Blikra
Foto: NRK

Det kom fram under rettssaka i Fjordane Tingrett torsdag.

Mannen har endra forklaring frå politavhøyra, då han sa at det ikkje hadde vore seksuell kontakt mellom dei to.

- Eg tek til etterretning at tiltalte no vedgår å ha hatt seksuell omgang med fornærma i saka. Korvidt forklaring hans er slik at vi kan feste lit til den, eller om den skaper rimeleg tvil eller ikkje, får vi vente og sjå til til resten av bevisføringa er avslutta, seier aktor Knut Broberg.

Forsvarar Ivar Blikra ville ikkje kommentere kvifor tiltalte hadde endra forklaring etter politiavhøyret.

- Eg har ingen kommentar til min klient si forklaring utover det faktum at han ikkje har vedgått straffskuld, og at han har stadfesta at det har vore kroppsleg kontakt mellom dei to, men at det ikkje er rett at fornærma sov, og at det var frivillig.

Blei med tiltalte heim

Den då 19 år gamle mannen skal ha blitt med den tiltala heim etter ein fest i 2004. Heime hos den tiltalte skal mannen ha sovna.

Han forklarte i retten torsdag at han vakna av at tiltalte hadde oralsex med han. Men den tiltala hevda at dette hadde skjedd frivillig, og at det var 19-åringen som hadde tatt initiativ til det heile. Det var ingen vitner til sjølve overgrepet.

Spesiell sak

Det er sjeldan at denne typen saker hamnar i rettssystemet.

Juridisk liknar saka på den mykje omtalte rettsaka der ei kvinne vart dømd for valdtekt av ein mann i fjor.