Hopp til innhold

Krev 10 månader for mannevaldtekt

Aktor krev 10 månader fengsel for mannen som er tiltalt for valdtekt av ein 19 år gammal, sovande mann.

Det var ei laurdagsnatt i februar 2004 at overgrepet skal ha skjedd i ei kjellarstove i Sunnfjord. Ein 19 år gammal gut hadde ingen stad å sove etter å ha vore på fest. Han vart tilbydd ein plass på sofaen hos mannen i 50-åra som no sit på tiltalebenken i Fjordane Tingrett.

19-åringen forklarte i retten at han sovna på sofaen, men vakna av at den tiltalte mannen i 50-åra hadde oralsex med han.

Brukte ni månader

Saka vart kjapt meldt til politiet, men deretter gjekk det seint. Heile ni månadar gjekk før politiet avhøyrde den tiltalte. I retten fredag forklarte ein lokal lensmannsbetjent at årsaka var at drapet på Anne Slåtten sommaren 2004 hadde teke mesteparten av ressursane, i tillegg til at den tiltalte hadde unnlete å møte opp sju-åtte gongar på rad. 

- Vil ta det ille opp

Politiadvokat Knut Broberg.
Foto: NRK

Ifølgje aktor Knut Broberg ville ei straff på 10-12 månader vore normalt i ei slik sak. Men han meiner det er formildande at det har gått så lang tid sidan overgrepet skjedde. Difor kravde han berre 10 månader fengsel då saka vart avslutta i Fjordane Tingrett fredag ettermiddag.

- Det har gått lang tid i denne saka, og det vil vere eit av momenta som retten truleg må leggje vekt på. Det er beklageleg at etterforskinga har teke så lang tid.

- Kravde full frifinning

Forsvararen til den tiltalte, Ivar Blikra, hevda på si side at klienten hans måtte frifinnast, då han i retten sa at dei to hadde hatt frivillig sex.

Louis Anda som er bistandsadvokat for den fornærma, seier 19-åringen vil ta det ille opp om sein saksbehandlingstid hos politiet fører til mildare straff.