Hopp til innhold

Låg ute 11 timar etter fall

Tilstanden er alvorleg, men stabil for mannen i slutten av 60-åra som natt til søndag låg ute på Leikanger etter eit fall på glatta.

Mann låg ute heile natta etter fall

Mannen ramla seks-sju meter ned ei skråning etter at han sklei på glatta.

Foto: Henning Rivedal

Det var i 23-tida laurdag kveld at mannen gjekk tur. Det var ekstremt glatt i området, og mannen sklei og fall ned ein skråning på seks-sju meter.

Han ramla ned i ein frukthage som låg skjerma til for privathusa som låg omkring. Så det har derfor vore vanskeleg å høyre rop om hjelp i området.

Funnen av forbipasserande

Mannen klarte å få merksemda til to unge gutar som gjekk forbi søndag føremiddag. Ambulansepersonell og frivillige hjelpte til med å bere mannen ein femti meter til ambulanse. Mannen vart frakta med luftambulanse til Haukeland Universitetssjukehus i Bergen. Der får vi søndag ettermiddag opplyst at tilstanden til mannen er alvorleg men stabil.

Mannen vart funnen sterkt nedkjølt og forslått. Hjelpemannskapa er forbausa over at det etter forholda står så bra til med mannen.