Hopp til innhold

- Ingen pengar i potten

Enova vil ikkje løyve meir pengar til miljøvennleg oppvarming.

Oppvarming

Miljøvennleg oppvarming.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Etter periode med ekstremt høge prisar i 2006 innførte regjeringa ei tilskotsordninga som skulle få nordmenn til å tenkje miljøvennleg. Ved kjøp av pelletsomnar, varmepumper og styringssystem for elektrisk oppvarming skulle folk bli subsidiert med mellom 4000 og 10 000 kroner. Så langt har 21 000 personar søkt om støtte, og potten på 71 millionar kroner er snart brukt opp.

Tidsbegrensa ordning

- Per i dag ligg det ikkje nye pengar i potten. Så vidt eg veit har det ikkje vore sagt at ordninga skal vere permanent. Det har heile tida vore sagt at ordninga skulle vere tidsbegrensa, seier kommunikasjonssjef i Enova tidsbegrensa Bård Bjerkaker.

At det ikkje lenger er pengar i potten er uforståeleg for Cato kjølstad.

- Enova har ei finansiell ramme på 1,6 milliardar, og har aldri hatt så mykje pengar tidlegare. Dei har ei solid ramme til å gjere den typen verkemiddel, seier han.