Hopp til innhold

Fann "katedral" inni breen

- Tida flyg inne i grotta. Du blir berre ståande og gape, seier erfaren breførar.

Katedralen i breen

Det er konstant skumring inne i grotta. Bildet er teke med lang eksponeringstid.

Foto: Frank Smedegård

Bjørnar Bjørhusdal fann den vel 60 meter lange grotta under Nigardsbreen i Jostedalen, og beskriv det å vere der inne nærmast som ei religiøs oppleving.

- Fargane går frå intens turkis og kongeblå til blank glasis og alt i mellom. Det er blått, blått blått i alle nyansar. Det du ser om sommaren er kvit is ned noko blått i. Dette derimot, er essensen av blåis. Eg har aldri sett maken, seier han i ein fem minutt lang, uavbroten og svært entusiastisk monolog om vidunderet han fann inne i isen.

Sjå TV-reportasjen frå iskatedralen

Ute av lodd

- Mange stader er isen så gjennomsiktig at du kan sjå to meter inn. Du kan sjå store istappar som heng frå taket, men som er dregne langs golvet fordi breen bevegar seg. Istaggar ute av lodd er det ikkje ofte eg ser, seier han entusiastisk.

Ikkje sidan 70-talet

Ei slik grotte inne i breen har ikkje vorte oppdaga sidan 70-talet. At menneske kan vandre rundt inn i ei slik ei er ekstremt sjeldant.

- Dette er eksklusive greier, sier breforskar Atle Nesje til Aftenposten.

- Slike holer er nok sikkert vanlegare enn vi trur, men det er sjeldant dei ligg slik til at vi får sett dei. De aller, aller fleste ligg jo slik til at dei aldri blir oppdaga i det heile.

Frank Smedegård, som er breførar i Jostedalen, forklarar vidare.

- Vanlegvis kollapsar desse grottene med ein gong, men sidan isen ikkje bevegar seg framover akkurat no blir breen mykje meir stabil, seier han.

Fann "port" i breen

Bjørhusdal oppdaga grotta for nokre dagar sidan då han var ved enden av bretunga for å sjå på blåisen. Han hadde oppdaga at ei lita grotte hadde bygd seg opp i sommar, og ville sjå om den var der enno.

- På avstand såg me berre eit hol. Det var litt kronglete å kome inn i, men i det me steig inn var det plutseleg snøfritt på golvet. Lyset kom inn gjennom dei tynnaste delene av isen, og grotta vida seg ut meir og meir, seier Bjørhusdal.

60 meter lang

Det som til slutt openberrte seg var ei omlag 60 meter lang grotte, 20 meter brei og med 20 meter under taket.

- Det er så vakkert. Eg har knapt sett maken til slike fargar. For meg var det noko heilt spesielt, og eg har sett mykje is, seier Frank Smedegård, som også er sertifisert breførar med mange års farstid.

Flyktig og farleg

Grotta er skapt av det svært varme vatnet som har runne i elva under breen i 2007 likevel av det flyktige slaget.

- Det er det som er så spesielt. Eg trur kanskje grotta held til vårparten. Etter mars blir det for farleg å gå inn dit, seier Smedegård.

Men dei som vil reise for å sjå vidunderet på eigahand blir grundig advart.

- Det er potensielt stor skredfare her. Du skal vete kva du driv med om du går inn her, seier Bjørhusdal

- Ramlar dette taket saman knuser det alt som er under, legg Smedegård til.

Imponerte turistar

Bjørnar Bjørhusdal er på veg til grotta med eit følgje franske og italienske turistar når NRK når han på telefonen, og spør om turistane er imponerte.

- Du kan tenke deg sjølv. Desse folka vart fasinerte av isen i vegbana på veg fram hit, gliser han.

- Dette kjem til å slå pusten ut av dei.