Hopp til innhold

Ville du ete frukt herifrå?

Elevar fekk beskjed frå lærar om at dei kunne ete mat med musepiss om dei ville.

Mus på Vassenden skule

Denne musa vart teken i ei felle bak vaskemaskina på skulekjøkkenet på Vassenden skule.

Foto: NRK-tipsar

- Vi fekk beskjed om at musene hadde vore på mandarinane og at dei hadde pissa på dei. Dei som ville kunne ete dei, seier elevar ved Vassenden skule i Jølster.

- Ekkelt

Det skal også ha vore mus i kjøkkenbenkane på skulen. I fjor var det funne museskit i steikepannene som dei skulle nytte til å lage mat. Lærarane gav beskjed til elevane om at dei ikkje måtte seie det til nokon. Etter det elevane ved skulen kjenner til, vart det lagt ut både feller og gift på skulekjøkkenet etter dette.

Musa vi har bilete av, vart fanga i inngangspartiet til skulekjøkkenet. Musa vart fanga bak vaskemaskina der frukta blir oppbevart, stort sett i kjøleskap, men også i kassar.

- Det er ekkelt å tenkje på, seier elevar ved skulen.

- Ingen problem

Rektor ved Vassenden skule, Anne Cecilie Kapstad, trur ikkje dei har eit "museproblem" på skulen, og presiserer at skulebygget er frå 60-70-talet.

- Nei, eg vil ikkje karakterisere det som eit stort problem. Vi har gode rutinar på oppbevaring av mat ved skulekjøkkenet. Elevar og lærarar gav utrykk for at dei hadde observert mus. Då sette vaktmeisteren opp feller umiddelbart. Dette er nok eit resultat av det, seier Kapstad.

- Vert dei gode rutinane følgde?

- Ja, vi har eigne ansvarlege på dette området, seier ho.

- Eit fritt land

- Kva syns du om at ein lærar sa til elevane at dei som ville kunne ete mandarinar, sjølv om læraren visste at musene hadde gjort ifrå seg på dei?

- Det var nytt for meg, men det er eit fritt land og eg trur kanskje det kan vere sagt på ein ironisk måte. I tillegg skal vi vere klar over at enkelte elevar syns det er kjekt å vri til det negative når det gjeld skule, seier ho.