Hopp til innhold

400 lynnedslag sidan midnatt

Det har vore 400 lynnedslag i Sogn og Fjordane sidan midnatt.

 Det har vore omlag 400 lynnedslag frå midnatt og fram til klokka ni i dag, seier Oddgeir Rokset ved SINTEF.

Mange straumbort etter lynnedslag

Forskarane på SINTEF registrerer alle lynnedslag i landet, og seier det er forholdsvis stort torever som har breidd seg på kysten frå torsdag kveld og utover fredagen.

- Då eg for heim i torsdag kveld såg eg at det låg over innløpet til Sognefjorden. Utover kvelden og natta ser det ut til å ha breidd seg til Stavanger i sør og Kristiansund i Nord, fortel Rokset.

Han seier tordenveret som herjar eigentleg ikkje er så stort, men at det er stort for årstida.

- Til vintertordenver å vere er det relativt stort, seier han.

Det er også spesielt at det har lagt seg så kraftig over Indre Sunnfjord.