Hopp til innhold

Bil teken av ras

Ein personbil er teken av eit snøras ved Nystuen Hotell på E16 på Filefjell.

Det viste seg at folket som tilhøyrde bilen var i god behald på Nystuen Hotell.

- Det er ingen personar i bilen. Vi har snakka med eigaren som er i god behald, seier operasjonsleiar Arne Hammerseng i Vest-Oppland politidistrikt.

Det er kraftig uver på Filefjell og det var i morgontimane kolonnekøyring over fjellet. E16 er no stengd.

Ingen andre bilar

- Vi er sikre på at det ikkje er andre bilar eller folk i raset. Mesta og politiet har gått skikkeleg gjennom raset. Vi har og sendt ambulanse og lavinehundar i retur, seier han.

Politiet frårår folk å reise over Filefjell i dag.

Stoppar bilar

- Vi prøvar å stoppe bilane ved Vang i Valdres slik at dei ikkje blir ståande oppe på Tyin. Det er ikkje gunstig å stå i Tyinkrysset no. Det er skikkeleg dårleg ver, seier han.

Politiet fekk melding om raset klokka 09.28.