Hopp til innhold

Uveret herjar i heile fylket

Delte ut sandsekkar i Måløy.

Flo på Raudeberg

Fleire bygningar står under vatn på Raudeberg i Vågsøy.

Foto: Asgeir Reksnes/NRK

Som følgje av høg vasstand delte Vågsøy kommune ut sandsekkar til dei som treng det.

Under forventa

- Vi har hatt kontakt med havnevesenet og vasstanden ligg ti centimeter under det som var forventa på noverande tidspunkt, seier teknisk sjef i Vågsøy, Helge Hjelle.

- Vi har køyrd ut alle sandsekkane vi har og eg trur alle er delt ut. Vi kjem til å følgje opp kva som skjer og vi har ei patrulje som vil patruljere langs kaia forå følgje kva som skjer no som floa er på det høgste. Sli det ser ut no er vindretninga gunstig frå Måløy si side. Vinden står slik at vi ikkje får bølgjene inn mot Måløy i tillegg til den høge floa, seier han.

Vatn i bygningar

- Kva skadar er vanleg i slike situasjonar?

- Vi opplever at somme brygger og hus ligg så lågt at det kan komme vatn inn i bygningane. Brannvesenet har pumper og vassugarar vi kan bidra med derson nokon skulle få vatn inn i kjellarane sine, seier Hjelle.