Hopp til innhold

Her går det ein veg...

Springfloa er på toppen no - 75 cm over det normale.

Bil i stryn
Foto: Jan Ivar Vik

Biletet er teke på industriområdet Vik i Stryn - om lag 40 meter frå der fjorden vanlegvis ligg...

- Det er mange industribygg her i området. Så langt har eg ikkje høyrt at nokon har fått vatn i kjellarane sine, men det er nok berre eit spørsmål om tid, seier Jan Ivar Vik som har lokale i området.

Storm, flaum og tore

Inge Jarl Tennebø i Stryn kommune er enno ikkje komen til dette området, men seier det er andre som alt har fått vatn i kjellarane sine.

- Inne i Loen er det i alle fall ein som har fått vatn i kjellaren. Me har hjelpt han med ei pumpe. Me veit berre om han, men det er garantert fleire, seier han.

Topp kl. 13

I ekstremvarselet frå Meteorologisk institutt var det sendt ut varsel om springflo med vatnstand opp til 75 cm over det normale, og floa ser ut til å ha levd opp til forventningane. Toppen skulle etter varselet vore klokka 13 i dag.

Flaum i Florø
Foto: Øystein Torheim