Hopp til innhold

- Hald deg innandørs

Varabrannsjefen i Flora med klår melding til sine mest vestlege innbyggjarar.

Flaum i Florø
Foto: Øystein Torheim

SJÅ VIDEO: "Sondre" herja i Florø

I dag herjar ”Sondre” i Sogn og Fjordane med sterk vind og nedbør. Vinden er blitt målt opp til 68 knop i kasta på det verste.

Sjå opp for takstein

Vinden er så kraftig i Flora at varabrannsjef, Eivind Ask, oppmodar sine mest vestlige innbyggjarar om å halde seg innandørs.

- Dei bør vere varsame. Det kan komme litt av kvart gjennom lufta, gjerne ein takstein i ny og ne, seier han og fortel om kraftig vind i kystbyen.

LES OGSÅ: Farlege, flygande reklameskilt

- Og rimeleg høg flo i kombinasjon med bein vestavind gjer det litt slitsom i sentrum akkurat no, seier han.

"Roleg" i Måløy

I Måløy har dei delt ut alle sandsekkane dei hadde tilgjengelege, men floa ser ikkje ut til å bli like stor som frykta.

- Det ser ut som om vi ligg ti centimeter lågare enn varsla. Vindretninga er gunstig for Måløy ettersom vi ikkje står slik til at vi får bølgjer i tillegg til høge flo mot Måløy, seier brannsjef Helge Hjelle.