- Det verste eg har opplevd
Lewis Gordon Pugh sette fredag verdsrekord i symjing i kaldt ferskvatn. Engelskmannen brukte 23.50 minuttar på å symje 1200 meter i iskaldt brevatn.
Publisert 12.05.2006 14:32.
- Skriv ut

Dermed slo den symjegale advokaten sin tidlegare verdsrekord med 200 meter.
Det var kring ei varmegrad i vatn då Gordon Pugh la på sym Brevatnet ved Nigardsbreen fredag ettermiddag.
- Det verste eg har opplevd. Det var verre enn å symje i Antarktis, oppsummerte ein skjelvande Lewis Gordon Pugh då han steig i land.
Lewis Gordon Pugh har aldri hatt ein lågare kroppstemperatur enn då han symde i Brevatnet fredag. 33 grader heldt kroppen på det kaldaste.
Briten starta verdsrekordforsøket først ein time etter planen. Årsaka var at han måtte vente på noko utstyr.
Mange pressefolk
Han vart heia fram eit av eit hundretals skuleelvar frå Jostedalen, Oslo og Bergen, i tillegg til sitt eige støtteapparat og ei mengde pressefolk. Gordon Pugh vart blant anna følgt av eit team frå BBC.
For to år sidan symde han ut heile den over 20 mil lange Sognefjorden. Han har også symt rundt Nordkapp og Svalbard, i tillegg til at han har kryssa den engelske kanalen. Han har og hatt symjeturar i Antarktis.
Sogn
- Sogndal 2 vann målrikt lokalderby
- Biltjuv fakka i Årdal
- Cruisehamn gir nytt håp for hotell
- Russarane trekkjer importforbodet
- Går glipp av nyetablering
- Veolia vurderer å klage
- Fylkesbaatane vann
- Rallarvegen i forfall
- - Sogndal framfor Skjolden
- Sogndalselevar best i retorikk
- Vik skisenter ber om pengar










Frykta innesperra folk i tunell
Skal leve av naturen i eitt år