Hopp til innhold

Hafsås vil knekke langrennsløparane

Han har dominert i skiskyting. No søker han nye utfordringar.

Ronny Hafsås

Ronny Hafsås går langrenns-nm i dag.

Foto: NRK

I dag går Stårheim-løparen for å ta knekken på flest mogleg av langrennsspesialistane under opninga av den norske skimeisterskapen i Trondheim.

- Det blir sjølvsagt artig å gå. Sesongen min har vore over all forventning i skiskyting og eg har kvalifisert meg for verdscupen etter vm. Difor har eg lagt inn ein del trening no og slik sett eg ikkje maksimalt førebudd på dette langrennet her, men eg stiller no, seier Ronny Hafsås.

- Kva håpar du på?

- Eg håpar eg kan bli like god som i fjor, seier han – og siktar dermed høgt.

For i fjor sjokkerte Ronny Hafsås langrennseliten med å skøyte seg inn til ein femteplass på femtenkilometeren, under opninga av NM i Meråker. Og sjølv om Stårheim-løparen i år prioriterar verdscupen i skiskyting, seinare i vinter, har han likevel fart nok til å hevde seg høgt oppe på resultatlistene, også i år.

- Eg har ikkje fått målt meg mot langrennsløparane så langt i år, men eg føler at eg har heva meg frå i fjor, seier 22-åringen.