Hopp til innhold

Innstilte og forseinka bussavganger

Bussrutene mellom aust og vest er råka av dei stengde vegane.

Ekspressbuss
Foto: NRK

Fjord 1 Nordfjord-Ottadalen AS si rute frå Stryn til Oslo klokka 09.40 er innstilt sidan Strynefjellet er stengd.

Ruta starta i Måløy klokka halvåtte søndag morgon, og der fekk passasjerane beskjed om at dei kanskje ikkje kom seg over fjellet frå Styn. Det var derfor mange som valde å late vere å reise, og bussen hadde med seg berre 16 passasjerar til Stryn, medan det kunne ha vore ein 30-40. Bussen går som normalt frå Bismo til Oslo.

Halvti avgangen frå Oslo til Stryn stoppar på Bismo viss ikkje Strynefjellet opnar.

Sjå òg Problem på fjellovergangane

Ti timar forseinka

Sogn og Fjordane ekspressen frå Oslo laurdag kveld skulle vore i Førde klokka sju søndag morgon, men kjem truleg ikkje fram før klokka fem om ettermiddagen, ti timar forseinka.

Bjørn Nordberg i Firda Billag seier at dei 19 passasjerane har sete på eit hotell i Hemsedal i natt, sidan Hemsedalsfjellet har vore stengd. Klokka ni søndags morgon køyrde busen til Tyin for å vente på ei kolonne over Filefjell.

Morgonruta frå Oslo søndag må også køyre over Filefjell, og er venta å kome til Førde klokka åtte søndag kveld, to timar forseinka.

Trondheimsbussane har gått som normalt, sidan fjellet har vore ope i rutetida.