09.02.2010

- Flytt landskampane ut av Oslo

Ullevaal stadion. (Foto: Cornelius Poppe/NRK)

Slik såg det ut på tribuna då Norge spelte landskamp mot Paraguay nyleg.

Foto: Cornelius Poppe/NRK

Senterungdommen krev at fotballforbundet legg landskampar til Sogn og Fjordane. Ungdomspartiet meiner austlendingane si fotballglede ikkje er verdig eit landslag.

- Vi vil ha fulle tribunar på landskampane, framfor at landslaget skal spele for tomme tribunar i Oslo. Ullevaal har vist seg å vere halvfull dei siste gongane det har vore spelt landskampar der, og det synest eg er synd når vi har eit landslag som er i verdstoppen, seier Marius Strømmen i Senterungdommen.

Seinast sist veke i privatlandskampen mot Paraguay var det glissent på Ullevaal-tribuna. Strømmen meiner at i alle fall Fosshaugane kan ta imot landskampar. Men han innser at det med fulle hus på Fosshaugane kanskje ikkje blir like mykje publikum som eit glissent Ullevaal, men det får ikkje hjelpe.

- Ikkje verdige landskampar

- Det er betre med fulle tribunar med nokre få tusen mindre enn eit stort stadion der det nesten ikkje er folk, på ein stad der austlendingane prioriterer å sitje i sofakroken framfor å gå på kamp. Vi vil at landslaget skal oppleve iver for å få dei til å vinne.

- Eg synest ikkje den oppslutnaden austlendingane syner på Ullevaal er verdig eit landslag. Difor vil eg ha kampane til Sogn og Fjordane der vi kan vise fotballglede, seier Strømmen.

Skirapport Sogn og Fjordane
Skisenter Ver Siste snøfall
Levert av Skiinfo.no
Breimsbygda 08/02 (15 cm)
Sogndal Hodlekve 30/01 (15 cm)
Jølster 05/02 (5 cm)
Harpefossen 09/02 (15 cm)
Sogn Skisenter 27/01 (10 cm)
Stryn 09/02 (10 cm)
Sunnfjord 04/02 (5 cm)
Nynorsk mediesenter
Lutt

Siste: Sogn og Fjordane

Biletgalleri frå Sogn og Fjordane