Hopp til innhold

I fotspora til Beatles

Bandet The Generous Days frå Sogn har fått ein draumejobb i England.

The Generous Days
Foto: Pressefoto

Gruppa har nemleg blitt invitert til å spele på "The Cavern" i Liverpool, som er den legendariske klubben kor mellom andre The Beatles hadde sine fyrste spelejobbar.

To konsertar i Liverpool

Gutane hadde akkurat fått gladmeldinga om at dei var utplukka til å spele på Hovefestivalen sin showcase-turné på Meieriet, då meldinga tikka inn på e-post tysdag kveld.

Her låg ein invitasjon frå den omreisande internasjonale pop-festivalen "International Pop Overthrow" om å spele to konsertar i Liverpool 25. og 26. mai. Den eine av desse altså på "The Cavern", skriv dei i ei pressemelding.

Satsar for fullt

Bandet håpar no på liknande historiar i tida som kjem, og satsar for fullt på musikken. Dei har spelt inn ein ny EP som heiter "Fireworks EP" og den skal snart i trykken.

Bandet som ifølgje dei sjølv består av tre glade sogningar og ein glad honndøl, har hatt i rekkje spelejobbar i indre Sogn, mellom anna under fjellsportfestivalen i vinter.