Hopp til innhold

To skadde i trafikkulukke

To menn i 18-20-årsalderen vart sende til sjukehus etter ei utforkøyring.

Ulukke mellom Eikefjord og Stavang
Foto: eikefjord.net

Ulukka skjedde på riksveg 610 mellom Eikefjord og Stavang, ved avkøyringa til Sandvik.

På taket

- Bilen har komme utfor vegkanten og ligg no på taket utafor vegen, seier operasjonsleiar Kjell Fonn ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ambulanse, luftambulanse, politi og brannvesen vart sende til ulukkesstaden.

Med luftambulanse

Bilen vart totalskadd, men både førar og passasjer kom seg ut av bilen.

- Skadeomfanget til passasjeren på 18 år var uvisst, så han vart send til Førde sentralsjukehus med luftambulanse. Den 20 år gamle føraren vart lettare skadd. Han vart send til sjukehus med ambulanse.

AMK opplyser laurdag ettermiddag om at 20-åringen er lettare skadd, medan 18-åringen er moderat skadd. Begge er sende til ortopedisk avdeling.

Veit ikkje årsaka

Fonn seier at det er for tidleg å seie kva som er årsaka til ulukka.

Politiet fekk melding om ulukka like etter klokka 14 laurdag ettermiddag.