Hopp til innhold

Mobilnettet er oppe igjen

Feilen i mobilnettet til Telenor er no i orden.

Mobiltelefon
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Telenor seier at alle mobilabonnentane i heile landet har fått igjen sambandet.

Telenor fekk i 11-tida onsdag melding om at nettet var nede. 2,5 millionar kundar var råka av feilen. Informasjonssjef Per Aril Meling i Telenor veit førebels ikkje kva feilen skuldast.

Ustabilt nett

Meling seier problemet gjeld kontakt mellom mobiltelefonar. NRK fekk tips om at tekstmeldingar kom fram mellom mobiltelefonar, men at det ikkje gjekk å ringe frå mobil til mobil eller frå fasttelefon til mobil.

Signaliseringsproblem

- Det kan vere ein softwarefeil ein stad. Vi meiner det kan vere eit signaliseringsproblem, det vil seie eit problem som oppstår når to samtalar blir sett opp, sa Meling til NRK tidlegare i dag.

- Feilen må ligge på ein av hovudsentralane sidan der er der den type funksjon er. Det er ingenting som tyder på store utfall på våre sendarar.