Hopp til innhold

Haga slepp å betale byggje-bot

Bygningsrådet i Stryn gjorde feil då dei gav statsråden bryggjebot.

Ulovlig brygge på Åslaug Hagas eiendom i Stryn

Stryn kommune gav Åslaug Haga og ektemannen Bård Hopland 7.500 kroner i bot for at dei i si tid sette opp ei bryggje utan løyve.

Les også:

Haga starta bygging utan løyve

Haga får bot for ulovleg bryggje

Ikkje heimel

Men vedtaket i bygningsrådet er nok litt forhasta. Det seier seksjonsleiar for byggjesaker- og regulering i Stryn kommune, Kolbjørn Nilsen.

- Det er ikkje mogleg å gje dei bot. Då må det først sendast ut eit varsel om tvangsmulkt. Men, no har dei fått løyve til tiltaket og då har ein ikkje heimel til å gje bot. Så dette må bygningsrådet sjå nærmare på, seier Nilsen.

Fylkesmannen

Bryggja til Åslaug Haga i Stryn

Bryggja til Åslaug Haga i Stryn.

Foto: Arne Eithun / NRK

Stryn kommune har vore i kontakt med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane om denne saka.

- Han stadfestar det eg seier til deg no, fortel Kolbjørn Nilsen.

- Kva blir gjort vidare?

- No er det jo ein klagefrist på tre veker. Når den er gått ut, så får vi ta ei runde med bygningsrådet og revurdere det vedtaket som dei gjorde. For vi har nok ikkje nokon moglegheit til å bøtlegge Haga og ektemannen, seier Nilsen.