Hopp til innhold

iPod lagar buss-krøll

Ungdommar med proppar i øyrene ensar ikkje stoppeplassane til bussen.

Jente lytter til iPod.

Med pluggar i øyrene hamnar mange i si eiga verd - og på ein heilt annan stad enn dei hadde tenkt seg.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

- Dei set ein ipod øyret og så er dei stort sett vekk. 70 prosent av dei er heilt borte og får ikkje med seg noko som helst når dei er på tur, seier sjåfør i Fjord1, Morten Lægreid.

- Kva skjer då?

- Då køyrer me ofte forbi stoppet deira, og det er jo uheldig av og til.

Og har ein først kome i den situasjonen kan det bli kinkig. For ekspressbussane snur aldri og køyrer tilbake.

- Spesielt på ekspressbussar har me ikkje rom for å snu. Alle ruter er laga slik at ting skal skje ganske raskt, så då kan ikkje me snu og reise tilbake.

Info på skjerm

Men no ser problemet ut til å få ei løysing. Sogn Billag, Firda Billag og Vestlandsforskning har sett i gang eit pilotprosjekt der dei reisande får sjå på ein skjerm kvar dei til ei kvar tid er, og kvar dei er på veg. Trafikksjef i Firda Billag, Øystein Hunvik, er glad for at dei no også kan tilby ruteinformasjon på skjerm, i tillegg til over høgttalaranlegget.

- Det er to skjermar i bussen som er kopla opp mot ei datamaskin. Den er styrt både av tid og av gps.

Kan hjelpe mange

Han trur at dette også kan hjelpe dei som likar høg musikk i øyrene.

- Du har dei med dårleg høyrsel, utanlandske reisande og dei som har høg musikk i øyrene, seier han.

Heilt bak i ein buss finn vi Bendik Nordvik – med proppar i øyrene og høg musikk. Han høyrer svært sjeldan kva sjåføren seier over høgttalaren, og ynskjer skjermane velkomne.

- Det er jo mykje lettare å halde seg oppdatert. Du veit jo kvar du er kvar du er til ei kvar tid og slepp å lure på det.