Hopp til innhold

Kajakkpadlar funnen død

Ein sakna kajakkpadlar vart funnen død i Sogndalselva i ettermiddag.

- Mannen er funnen eit stykke oppe i Sogndalsdalen i elva, seier operasjonsleiar Kjetil Avsnes i Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.

Russisk turfølgje

Padlaren vart funnen livlaus i kajakken sin etter at eit russisk reisefølgje fekk problem i Sogndalselvi. Rundt klokka 15.50 tysdag ettermiddag ringde ein deltakar i følgjet naudtelefonen etter at dei hadde fått problem. Følgjet hadde padla kajakk i elva ved skianlegget i Hodlekve.

Kajakken velta

Ein politipatrulje, luftambulansen, dykkarar og Røde Kors sette i gang søk etter personen. Etter ein times tid vart den sakna mannen funnen livlaus. Men på grunn av stor vassføring og at kajakken låg vanskeleg til, gjekk det ei tid før politiet kunne stadfeste av mannen var død.

- Kajakken har velta seier, operasjonsleiar Odd Arve Solvåg i Sogn og Fjordane politidistrikt.