Hopp til innhold

– Verste skandalen i historia

Leiar i Miljøvernforbundet går krasst ut mot SFT etter handteringa av avfallet etter Sløvåg-eksplosjonen.

Eksplosjon på Sløvåg
Foto: Wilheim Benidtson

Kurt Oddekalv

Kurt Oddekalv, leiar i Miljøvernforbundet.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Alexela Sløvåg skulle opprinneleg fjerna avfallet frå eksplosjonen for lenge sidan, men har fått utsett fristen fleire gonger.

No meiner Kurt Oddekalv, leiar i Miljøvernforbundet, at dei ansvarlege i SFT bør sparkast.

Bør miste jobben

– Eg meiner det er fleire folk i SFT som bør miste jobben sin på grunn av den mangel på handlekraft dei har vist i Sløvåg. Det er faktisk nasjonalt sett den verste skandalen vi har hatt når det gjeld tilsynmyndigheitene si rolle, konstaterer Oddekalv.

Sløvåg-avfallet, som er mistenkt for å ha gitt 200 innbyggjarar i området til dels alvorlege helseplager, er pakka inn i plastsekkar som naboer hevdar lek og luktar.

LES ÓG: Sløvåg-avfallet er ikkje tildekt

Miljøvernforbundet meiner saka er eit studie i mangel på handlekraft, og har allereie meldt SFT til politiet.

Utsetjing på utsetjing

– Det einaste SFT har gjort i denne saka, er å bestemme korleis ting skal gjerast frå eit kontor i Oslo. Dei har gjort svært få undersøkingar sjølve, og har gjeve Alexela Sløvåg utsetjing på utsetjing medan folk lever i ein helseskadeleg stank, påpeikar Oddekalv.

Han meiner tilsynet sit for nær bedriftene det skal kontrollere.

Miljøvernministeren

Gunnar Kvassheim (V)

Gunnar Kvassheim, Venstre.

Foto: Bjørnflaten, Thomas / SCANPIX

Gunnar Kvassheim frå Venstre, nestleiar i energi- og miljøkomiteen på Stortinget, meiner miljøvernministeren må gå gjennom saka i full og breidde – inkludert korleis dei ulike instansane har fungert.

– Eg forventar at han gjer beskjed om kva lærdom ein vil trekkje av dette, og kva konsekvensar det vil få for organiseringa framover, seier Kvassheim.

Korrekt jobb

Seksjonssjef Bjørn Bjørnstad i SFT

Bjørn Bjørnstad ved SFT.

Men seksjonssjef Bjørn Bjørnstad i SFT seier dei følgjer Alexela Sløvåg tett, og meiner dei gjer ein korrekt jobb.

– Vi opplever det ikkje som ei utsetjing. Det har vore problem med å sende ut avfallet så raskt som mogleg, og beklager at det ikkje har skjedd tidlegare. Men vi meiner at løysinga vi har valt, med å pakke avfallet i plastsekkar, er ei forsvarleg løysing, seier Bjørnstad.