Hopp til innhold

- Helseplagene vil bli borte

Plagene folk i Gulen i Sogn og Fjordane har hatt etter eksplosjonen ved Vest Tank i fjor vår, kjem til å forsvinne når avfallet blir borte.

Folkemøte i Gulen

Rapporten vart lagt fram på eit folkemøte på Dalsøyra onsdag kveld. Bygdefolket er framleis skeptiske.

Foto: Steinar Lote

Det slår Folkehelseinstituttet fast i en rapport som vart presentert på eit folkemøte på Dalsøyra onsdag kveld.

Svovellukt

Eksplosjon i Sløvåg
Foto: Wilheim Benidtson / NRK

I rapporten står det mellom anna at gass av svovel kan ha samanheng med helseplagene innbyggarane opplever, og at det ikkje er sannsynleg at dette kan føre til helseskader eller sjukdom på lang sikt.

Pakka inn i silkepapir

Bodil Borøy

- Vi vert ikkje tekne på alvor, seier Bodil Borøy

Foto: Kristine Ramberg Aasen

Bodil Borøy, som bur i Gulen, føler seg ikkje tryggare av rapporten.

- Dei pakkar det dei heile tida har sagt inn i silkepapir, og det blir ein reprise på det dei har sagt tidligare. Eg har ikkje tru på rapporten som vart lagt fram i dag, seier ho.