Hopp til innhold

Bær frå Sibir til Sogn

- Friskt, syrleg og søtt, slik skildrar Nina Heiberg ved forskningsstasjonen på Leikanger bæret Blåleddved frå Sibir.

Blåbærsorten Blåleddved
Foto: Arne Eithun / NRK

Bærdyrkarar kan på sikt gjere god butikk på bærsorten, for ved Njøs næringsutvikling blir det for første gong i Norge forska på den blåbærliknande planten frå Sibir.

Heiberg trur at dersom bæret er eigna for det norske klimaet, så er det duka for storproduksjon.

- Det er klart at viss vi kan få eit bær som er tidlegare enn jordbær, så er dette spennande.

Som hageblåbær

Nina Heiberg og Dan Røen

Nina Heiberg og Dan Røen smakar på blåbæret.

Foto: Arne Eithun / NRK

I forsøksåkeren blir det forska på eit trettitals plantar for å finne ut om dei kan egne seg i norsk jord. Det blir gjort klimatestar på mellom anna svarte bringebær, minikivi og blåleddved. Og det er dette blåbærliknande bæret frå Sibir som skapar mest entusiasme hos styreleiar Nina Heiberg.

- Eg trur at folk kjem til å tykkje at dette er stas. Det smakar nesten som hageblåbær, friskt, syrleg og søtt.

Sunne bær

I USA er Blåleddved allereie blitt god butikk, Heiberg trur planten har eit like stort potensiale i Norge.

- I ei tid der mange veit at blåbær er sunt, trur eg at mange erinteresserte.

Blåleddved finn ein rett nok i Norge i dag, men som prydbusk. Sorten som dei forskar på i Leikanger, har derimot nokre ovale og søte bær på seg.

Dei finn ein berre i Sibir. Skal ein klare det same her til lands er det viktig at planten toler ein variert vinter - der det skiftar frå 10 pluss grader til plutseleg frost.

Ved breane

Dan Røen er innleigd konsulent for Njøs næringsutvikling. Han kan mykje om bæret, og trur det er områda tett opp til breane våre som er best.

- Det kan truleg dyrkast der som hageblåbær ikkje eignar seg. Eg trur dette har eit potensiale i Sogn og Fjordane, og særleg i Jostedalen og i Veitastrond der ein tradisjonelt ikkje tenkjer så mykje på hagebær.

Nina Heiberg og Dan Røen

Nina Heiberg og Dan Røen trur at bærdyrkarar på sikt gjere god butikk på bærsorten.

Foto: Arne Eithun / NRK