Hopp til innhold

Støttar nynorsk-krav

KrF- Kvinnene i Sogn og Fjordane støttar kravet frå målungdomen om å få lærebøker på nynorsk til skulestart.

Ja til nynorsk
Foto: Scanpix

- Det skulle vere sjølvsagt at nynorske bøker var ferdige til skulestart, meiner KrF- Kvinnene.

Dei meiner det er prisverdig at elevane sjølve tek opp kampen mot forlaga, men at det må bli eit krav som både elevar, lærarar og foreldre står bak.