Hopp til innhold

Spår nytt medaljedryss i friidrett

Sogn og Fjordane plar gjere det sterkt under ungdomsmeisterskapen i friidrett.

Trude Raad og Marte Rygg Årdal

Gloppenjentene Trude Raad og Marte Rygg Årdal er mellom fleire medaljekandidatar til UM som startar denne veka.

Foto: Arve Heggheim

Utøvarane frå fylket kom i fjor heim med 28 medaljar . Året før stogga medaljefangsten på 31 medaljar .

- Det blir garantert mykje medaljar i år også. Eg tippar mellom 30 og 40 medaljar, seier friidrettstrenar Jørund Årdal (GFIL).

Spår medaljedryss

Jørund Årdal

Frå sidelinja har trenar Jørund Årdal sett friidrettsutøvarne frå fylket forsyne seg grovt frå medaljefatet.

Foto: Sander Heggheim

Årdal er ein av fleire reiseleiarar og foreldre som denne veka reiser til Sigdal i Buskerud saman med 42 utøvarar frå 14 klubbar. UM i friidrett er den nasjonale meisterskapen for utøvarar i alderen 15 til 19 år og troppen frå Sogn og Fjordane er i år på storleik med då meisterskapen gjekk av stabelen på Byrkjelo i 2006. Årdal trur medaljar i alle valørar vil drysse over fylket.

- Vi har veldig mange som har teke medaljar på junior-NM. No er det individuelle klassar. Dessutan har vi ein veldig god 15 års-klasse, seier han.

Fleire kandidatar

- Vi har fleire solide favorittar, seier han og nemner på rams stavhopparane Daniel Hessvik Holm og Pål Valberg (begge Svelgen), kastaren Frida Føleide, høgdehopparen Jens Christian Andenæs (Fjellhug/Vereide) og sprintaren Øyvind Kjerpeseth (Florø).

- Men vi har så mange andre at eg ikkje kan nemne alle medaljekandidatane, seier han.

Raad i form

Mellom sjølvsagte gullkandidatar er også kasttalentet Trude Raad (Breimsbygda), som kom heim frå junior-NM med tre gullmedaljer . Ho har også sletta juniorrekord på juniorrekord.

LES OGSÅ: Trude sletta rekord - igjen

LES OGSÅ: Rekordkast av Raad

- Ho vil ta tre gull. Trude har sett nye rekordar tre stemner på rad og formen er der. Klaffar alt, så kan det bli nye rekordar att, seier Årdal.

Desse deltek i UM

Aurland IL

Christoffer Elgåen G-17 - 100 m 200 m

Sander Sekkingstad Terum G-15 - 1500 m hinder 2000 m 800 m

Breimsbygda IL

Trude Raad J-18/19 Diskos Kule Slegge

Fjellhug/Vereide IL

Amanda Hjelmeset J-17 Diskos Kule Slegge

Bjørnar Hauge G-18/19 Spyd

Elise Øygard J-16 Spyd

Jens Christian Andenæs G-15 100 m hekk Diskos Høyde Spyd

Karoline Førde Oppheim J-16 Spyd

Nina Helen Oppheim J-17 Spyd

Florø T&IF

Ann Merethe Vågane J-18/19 Diskos Slegge

Daniel Ullaland Nekkøy G-17 Diskos Kule Slegge

Frida Nordem Føleide J-15 Diskos Slegge

Gunnvor Leikanger Feidje J-16 100 m 200 m Tresteg

Jonas Andre Brandsøy G-17 300 m hekk

Jørgen Midtbø Bjørkedal G-18/19 Lengde Tresteg

Kenneth Holmgren G-16 Spyd

Mari Torvanger J-18/19 - 2000 m hinder 800 m

Michael Robert G-18/19 Spyd

Ole-Jacob Lid G-16 200 m - 300 m hekk

Synne Våge Jagedal J-15 100 m 200 m Lengde

Yngve Grøneng Havn G-18/19 Diskos Kule Slegge

Øyvind Kjerpeset G-17 110 m hekk , 200 m 300 m hekk 400 m Lengde

Stafett 1000 m G-17/18/19

Førde IL

Jostein Fossøy G-16 200 m Lengde Tresteg

Siv Anita Myklebust J-15 200 m Kule Lengde Spyd Tresteg

Hyen IL

Vegard Pedersen G-17 400 m

IL Brodd

Marte Rygg Årdal J-16 Kule Slegge

Jølster IL

Eivind Øygard G-16 3000 m 800 m

Kjersti Øien Helgheim J-18/19 100 m 200 m

Knut Olav Øygard G-16 3000 m 800 m

Marit Årdalsbakke J-16 Diskos

Kaupanger IL

Ane Rørvik J-17 100 m 200 m

Sindre Rørvik G-18/19 100 m 200 m Lengde Tresteg

Olden IL

Anders Muri G-15 100 m 200 m - Lengde Tresteg

Oppstryn IL

Daniel Bakkebø G-15 Spyd

Svelgen IL

Daniel Hessvik Holm G-15 Diskos Spyd Stav

Pål Valberg G-15 100 m hekk Lengde Stav

IL Syril

Marthe Broch Hauge J-18/19 100 m

Ole Petter Loftesnes G-16 100 m hekk 200 m 300 m hekk

Øystein Øyre G-16 Spyd

VIK IL

Anna Maria Holmberg J-16 800 m

Henrik Holmberg G-18/19 100 m 200 m Høyde