Hopp til innhold

Dramatisk færre lærarstudentar

Talet på lærarstudentar går dramatisk ned ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Klasserom

Illustrasjon

Foto: Åserud, Lise, Lise Åserud / SCANPIX

I haust er det berre registrert 18 studentar til heiltidsstudiet. Berre for nokre år sidan var det 120 studentar på heiltidstudiet.

- Eg har ikkje full oversikt, men det er truleg det lågaste kullet vi har hatt til oppstart. Det seier noko om dramatikken i situasjonen, seier dekan Rasmus Stokke ved Høgskulen i Sogn og Fjordane .

Færre kvalifiserte

Fylkesleiar i Utdanningsforbundet, Gunn Marit Haugsbø, er uroa. For undersøkelse gjort av KS viser ein stadig aldrande lærarstamme i skulen.

- Vi veit at det er mange godt vaksne lærarar i skulen som vil gå av med pensjonen innan få år. Dermed kan det bli fleire ukvalifiserte lærarar i skulen og det vil gå utover elevane, seier ho.

Treng betre omdøme

Både Stokke og Haugsbø meiner betre status for læraryrket og betre arbeidsvilkår er nøkkelen for å få utdanna fleire lærarar.

- Det aller viktigaste er at den omtalen som er av lærarane og skule må bli meir positiv. Eg kan skjøne at det ikkje er freistande for ungdom å starte på lærarutdanninga med den elendige skildringa av yrket, seier Stokke.

KS tek sjølvkritikk

KS har på si side starta sin eigen rekrutteringsstrategi for å få fleire til å velge lærarhøgskulen. Men Astrid Paulsen, rådgjevar i KS Sogn og Fjordane, vedgår at dei har gjort ein for dårleg jobb på området.

- Det viktigaste er å få sett ting i samanheng. Det kan vere stipendordningar, utdanning med jobbgaranti etter prøvetid eller desentralisert vidareutdanning på deltid for dei i skulen som ikkje er kvalifisert i dag, seier ho.