21.03.2010

Støttar offer etter K2-ulukka

Tshering Pande Bhote (Foto: Steinar Lote/NRK)

Breførarlaget i Jostedalen har samla inn nærmare 60 000 kroner til offer etter klatreulukka på K2.

Den mykje omtalte K2-ulukka i Pakistan 1. august der nordmannen Rolf Bae omkom, hadde òg nokre offer som har vore mindre framme i vestlege media.

Ein nepalesisk breførar i Jostedalen misste to familiemedlemer i klatreulukka. Både svogeren og nevøen omkom.

Mista familie i K2-ulukka

God respons

Nepalesaren Tshering Pande Bhote har no to enkjer og tre born han skal forsørgje.

Han livnærer seg som breførar i Jostedalen på sommarstid, og no vil kollegaene hjelpe han økonomisk. Jostedalen breførarlag har oppretta eit støttefond. Så langt har det kome inn nærmare 60 000 kroner.

Steinar Bruheim i Jostedalen breførarlag (Foto: Steinar Lote/NRK)

- Responsen har vore voldsomt god. Det er tre vekar sidan vi tok initiativet, og oppropet har spredd seg både her i landet og i utlandet, seier Steinar Bruheim i Jostedalen breførarlag.

Pengar til skulegang

Mange frå fjell- og ekspedisjonsmiljøet har gjeve pengar til støttefondet.

- Pengane vil finanisere skule og utdanning for borna i mange år framover, seier Bruheim.

Tshering Pande Bhote er i Jostedalen for tredje sommar på rad. I midten av september reiser han tilbake til Nepal der det etter buddhistisk tradisjon skal vere ei minnemarkering av dei to omkomne.

Støettefondet har kontonummer 3785 12 75704.

Kommentarsystemer er levert av Disqus. NRK står ikke ansvarlig for misbruk av Disqus gjennom andre installasjoner enn på NRK.
Skirapport Sogn og Fjordane
Skisenter Ver Siste snøfall
Levert av Skiinfo.no
Breimsbygda 11/02 (15 cm)
Sogndal Hodlekve 17/03 (15 cm)
Jølster 18/03 (10 cm)
Harpefossen 17/03 (15 cm)
Sogn Skisenter 16/03 (20 cm)
Stryn 17/03 (40 cm)
Sunnfjord 16/03 (20 cm)
Nynorsk mediesenter
Lutt

Siste: Sogn og Fjordane

Biletgalleri frå Sogn og Fjordane