Hopp til innhold

- Eg fekk panikk

Ungdomane kom seg ut av bilen gjennom knuste ruter.

Stian Andre Sagevik

Stian Andre Sagevik avviser at høg fart var årsak til at bilen køyrde utfor vegen.

Foto: Steinar Lote / NRK

Dei tre ungdomane Stian Andre Sagevik, Rudi Frivik og Ahmed Taher fortel frå sjukesenga på Førde sentralsjukehus om den dramatiske ulukka ved Kvamsøy i Balestrand kommune tysdag kveld.

- Bilen gjekk rundt to gonger nedover fjellsida, traff sjøen og gjekk under, seier Sagevik.

Trudde han skulle dø

Bilen traff sjøen med den eine sida.

- No dør eg, tenkte eg på veg ned, fortel Rudi Frivik.

- Eg fekk panikk. Eg famla meg fram og fann ei opning. Heldigvis var rutene knuste frå før.

Stian Andre Sagevik seier det var rein flaks at han kom seg ut av bilen.

- Eg fekk full panikk inne i bilen, og plutseleg var eg ute og svømte opp, seier han.

Kjende ikkje smerter

Gutane er tydeleg medtekne etter ulukka, men fortel at dei kjente ikkje smerter før ein time etterpå.

- Det har vel ikkje heilt gått opp for meg kva eg har vore gjennom, seier Rudi Frivik.

- Korleis skal de greie å bearbeide det som skjedde?

- Det blir sikkert tunge stunder framover, seier Stian Andre Sagevik

Vart pressa av vegen

Ein lastebilsjåfør som passerte ungdomane i svingen ved Kvamsøy har fortalt at bilen hadde høg fart. Ungdomane sjølve avviser at høg fart var skuld i ulukka.

- I ein sving møtte vi ein trailer som låg midt i vegen. Vi vart pressa ut i grøfta, men klarte å komme oss opp på vegen. Så fekk vi sladd på bilen, kom i autovernet og flaksa over, seier Sagevik.

Ungdomane takkar det tyske ekteparet som var ute på fjorden i båt , for at dei kom seg på land.

- Dei var til stor hjelp. Vi hadde ikkje greidd å klatre opp på eigahand.