Hopp til innhold

Yrkessjåførar skremmer vegvesenet

Tungtrafikken går stadig fortare over fjellovergangane.

Vogntog

Illustrasjonsfoto

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I haust heldt ein trailersjåfør i 20-åra snittfart på 76 km/t mellom Gol og Lærdal. Han er ikkje åleine.

- Vi har fleire eksempel. Her er ein som køyrde frå Oslo til Ljøsne. Ein avstand på 34 mil. Snittfarten var 75 km/t, seier ein skremd seksjonsleiar for trafikk i Statens Vegvesen, Thormod Gausdal.

- Hinsides all fornuft

Ei rekkje fartsmålingar viser uforsvarleg køyring både på E16 og riksveg 52. Den same historia fortel også kontrollskivene som vegvesenet kopierer frå tunge køyrety. Gausdal seier at 74 km/t er ein gale nok snittfart på vanleg veg. Når det skjer på ein kronglete fjellovergang, blir han skremd.

- Det er hinsides all fornuft om ein skal køyre forsvarleg etter forholda. Det er mange dyktige sjåførar som har ein heilt annan fart enn dette, men det er alt for mange som held denne farten over fjellet, seier han.

- For gale til å vere sant

Roar Kårstad, i Kårstad transpirt, tykkjer at det er nesten for gale til å vere sant.

- Eg må seie at eg er overraska. Snittfart på 75 km/t er rimeleg stor fart over Hemsedalsfjellet. Vi køyrer ut rapportar på dette blant våre tilsette, og finn vi graverande ting, så tek vi det opp med sjåføren. Det hadde vi definitivt gjort om vi gjorde slike funn, seier han.

Åtte omkomne

Kårstad veit betre enn dei fleste at denne informasjonen har eit tragisk bakteppe. I mars i år omkom ein av Kårstad sine sjåførar i ei ulukke mellom to vogntog i Lærdalsdalen . I januar omkom ein mann i 20-åra etter ein kollisjon med eit vogntog . Årsakene til desse ulukkene er førebels ikkje kjende.

Dei siste fem månadane har fem personar mista livet i ulukker på E16 og riksveg 52 i Sogn og Fjordane.

Fleire kontrollar

Gausdal meiner at auka aktivitet mot tungtransporten er rette medisin. Med hyppigare kontroll av dekk, kjettingar og sikring av last - i tillegg til fart. Han er ikkje i tvil om at det er mange tungtransportsjåførar som ikkje bryr seg om fartsgrensene.

- Dei bryt fartsgrensene. Det må dei gjere for å halde ein slik snittfart, seier han.