Hopp til innhold

- Ikkje kvit jul i år heller

Dei som drøymer om ei kvit jul i år får kaldt vatn i blodet av verprofet Magnus Skildheim.

Magnus Skildheim
Foto: May Britt Eide, Ytre Sogn.

For verkjennaren frå Røyrvika ved Vadheim kan ikkje love snø i julehelga i år heller. Derimot meiner han det ser ut som at det kan bli ei kvit nyttårshelg.

- Reprise av sist vinter

Og når det gjeld resten av vinteren meiner Skildheim at det blir ein reprise av 2008-vinteren.

- Det vil seie at det blir veldig skiftande, med varmt og kaldt, tørt og vått om kvarandre. Sprengkulde kan det og bli, men berre i periodar, og det blir ikkje mykje snø, seier Magnus Skildheim til avisa Ytre Sogn.

- Sein vår

Han meiner elles det blir ein sein vår.

- Lauvet heng på trea enno, og di lengre det heng på, di seinare kjem våren.

- Trefte bra i år

No bør det seiast at det ikkje er alltid Skildheim har hatt full klaff med verprognosane sine, men i år meiner han at han har treft bra.

- Alt tidleg i vår sa eg at vi kunne vente oss ein langt betre sommar enn vi hadde i fjor, og eg sa at første delen av hausten kom til å bli tørr.