Hopp til innhold

Masserer ned sjukefråværet

Massasje i arbeidstida har redusert kraftig ned sjukemeldingane ved Førde sentralsjukehus.

Ann-Karin Aasen

Ann-Karin Aasen og hennar kollega på sjukehuskjøkkenet i Førde får tilbod om massasje i arbeidstida.

Foto: Arne Stubhaug

Sjukefråværet var rekordhøgt i 2001, med over 30 prosent. For å snu trendnen fekk dei tilsette tilbod om massasje kvar fjortande dag. Det har fått ned sjukefråværet til 7 prosent i oktober i år.

- Du får tilsette som er meir positive og er villige til å yte endå meir, seier kjøkkensjef Torstein Solset.

Video nsps_upload_2008_11_5_20_17_20_305.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Solset seier at dei har redusert kostnadene med omlag 300.000, og betaler difor meir enn gjerne ein andel på 50.000 for å gje dei tilsette masasjetilbodet.