Hopp til innhold

Vann kamp på grunn av feil

Volleyballdamene til Tambar trudde først dei hadde tapt kampen. Men så vart det likevel siger.

Etter dei fire første setta var stillinga 2-2.

Trenar Sturle Standal fortel at då det nærma seg slutten på det femte settet så var stillinga 17-16 til Osterøy.

- Osterøy vann ballen og vann difor settet 18-16.

Feil bytte

Men så oppdaga dommaren at Osterøy hadde gjort eit feil bytte og dei mista dermed det siste poenget. Dermed stod det 17-17.

- Dei hadde eigentleg vunne kampen, men på grunn av feil bytte så blei det framleis spel. Vi vann dei to siste ballene og settet enda 17-19.

Spennande kamp

Standal fortel at laget spelte godt i dag og at det vart ein spennande kamp.

- Vi spelte ein god kamp, særleg i forsvar. Vi starta veldig bra i dei to første setta.

Resultatet i 1. divisjonskampen vart til slutt: 18-25, 22-25, 25-19, 25-19 og 17-19.

Også laurdag vart det siger til volleyballdamene frå Naustdal .

Laget ligg no på tredjeplass på tabellen med 8 poeng.