27.05.2012

Kvar er dette?

Kvar er dette? (Foto: Kjell Arvid Stølen/NRK)

Kvar er dette?

Dette er ein del av ei travel skipslei. Kva heiter leia akkurat her, og kva er det som gøymer seg under sjøen?

Veit du kvar vi er denne veka? Send inn svaret og du kan vinne fire Flaxlodd. Hugs å skrive postadressa di. Frist for innsending av svar er onsdag 30. mai klokka 12.00.

Send inn svaret ditt






Eller send ein epost med svaret ditt: vevvandring@nrk.no

Oppgåver vi har hatt før:

Værlandet sett frå toppen av Alden (Foto: Kjell Arvid Stølen/NRK)

Dette biletet teke frå toppen av Alden syner Værlandet med Hamna nærast. Lengre ute ser vi Bulandet, men vi gir alle som har svara Værlandet rett. Det var det mange som hadde kome fram til. Av dei trekte vi ut Liv-Ingrid Iversen Rand frå Hopland som vinnar.

Høyangerbadet (Foto: Kjell Arvid Stølen/NRK)

Denne gongen var vi i Høyanger, og bygningen vi ser er Høyangerbadet. På andre sida av Daleelva ser vi delar av bustadområdet Øvre Sæbø. Det var enormt mange rette svar denne gongen, i bunken trekte vi ut May-Britt Starheim frå Arnafjord.

Luster sett frå Sørheim (Foto: Merete Husmo Høidal/NRK)

Rett svar denne gongen er bygda Luster i Luster kommune. Vi godtek og Dale, som har vore brukt som namn på bygda. (Det er eigentleg det som ligg til høgre i biletet, med Dalsdalen lengst til høgre). Oppe i høgda ser vi ein kvit bygning, det er Harastølen, tidlegare Lyster Sanatorium. Vinnar denne gongen vart Arve Fretland frå Korssund i Fjaler.

Maurstad i Vågsøy (Foto: Asgeir Reksnes/NRK)

Denne gongen var Maurstad i Vågsøy kommune rett svar. (Bryggja er og rett, men vi var ute etter stadnamnet som ein kjend person fødd i 1896 hadde som etternamn - Alfred Maurstad). Mellom dei mange som hadde rett svar trekte vi ut Geir Inge Beinnes frå Olden.

Guddalsvegen mot Sande (Foto: Kjell Arvid Stølen/NRK)

Kommunesenteret vi ser til venstre er Sande i Gaular kommune, og vegen vi ser går mellom Solås i Gaular og Guddal i Fjaler (teken i bruk i 2006). Enkelte har tippa på kva fjelltopp biletet er teke frå. Til dei kan vi opplyse at det er teke frå helikopter. Vinnar denne gongen vart Elisabeth Vindedal frå Flåm.

Losna i Solund (Foto: Merete Husmo Høidal/NRK)

Øya vi ser er Losna i Solund kommune. Vi ser austsida av øya med Losnegard og ferjekaia, til venstre i biletet ser vi litt av Krakhellesundet. Mellom dei mange som hadde rett svar trekte vi ut Ingeborg Solheim frå Brekke som vinnar.

Tyinosen frå Grønaskaret (Foto: Kjell Arvid Stølen/NRK)

Vatnet lengst unna er Tyin, og stadnamnet i den næraste enden av vatnert er Tyinosen. Dette er akkurat på grensa mellom Årdal og Vang i Oppland. Vi spurde ikkje om namnet på det næraste vatnet, det er Torolmen, og vi ser fylkesveg 53. I bakgrunnen ser vi ein del av Jotunheimen. Vinnar denne veka vart Jan Kjetil Myklebust frå Dale.

Løkjaneset og Hundeidskaret i Eid (Foto: Ottar Starheim/NRK)

Her er vi i Naustdal i Eid kommune, vi ser Løkjaneset nærast med tidlegare Eid Verft, no Nor Marine Industrier til høgre og den gamle sorenskrivargarden Leikvin til venstre. På andre sida av Eidsfjorden ser vi Hundeide, og fjella i bakgrunnen (på andre sida av Nordfjorden) har fellesnamnet Skjerdingane. Mellom dei som hadde rett svar trekte vi ut Maren Vatne frå Ørsta som vinnar.

Ytterøyane fyr i Flora (Foto: Merete Husmo Høidal/NRK)

Veldig mange visste at dette er Ytterøyane fyr, vest av Florø. Mellom dei var Marit Bakken Dalset frå Hjelmelandsdalen i Eid. Ho får flaxlodda denne veka.

Ulvestad og Vetlefjorden (Foto: Kjell Arvid Stølen/NRK)

Dette er Vetlefjorden (i Balestrand kommune) med Ulvestad til høgre i biletet. Dei som har køyrt Gaularfjellsvegen kjenner nok motivet. Frå Ulvestad gjekk det i si tid ferje til Grinde i Leikanger (sambandet vart opna i 1938 samstundes med vegen over Gaularfjellet). Vinnar denne veka var Arve Henning Eineteig frå Kaupanger.

Stryn sett frå Årholen (Olden-Innvik) (Foto: Kjell Arvid Stølen/NRK)

Her ser vi litt av Stryn sentrum. Biletet er teke frå fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik, mellom Frøholm og Årholen. Det visste Anna Totland Kupen frå Bryggja. Ho får flaxlodda denne veka.

Kvar er dette?

Her spurde vi kvar fotografen stod då han tok biletet. Svaret er Lammetun kystfort, som dei tyske okkupasjonsstyrkane bygde under andre verdskrigen. Ute i havet ser vi Alden, Tviberg og i høgre biletkant litt av Atløy. Denne gongen var nok oppgåva litt vanskelegare enn sist, for talet på rette svar var lågare. Men mellom dei som visste kvar dette er trekte vi ut Heidi Gamlestøl frå Naustdal.

Kvinnafossen i Leikanger (Foto: Ottar Starheim/NRK)

Det var enkelte som tippa Feigumfossen i Luster, andre trudde det var Tvinnefossen i Stryn, men det rette svaret er Kvinnafossen, som ligg mellom Leikanger og Hella. Det visste m.a. Terje Fortun frå Skjolden, og han får flaxlodd i posten.

Brødene Aa i Hyen (gamlefabrikken nærast) (Foto: Ottar Starheim/NRK)

Vi ville vite namnet på verksemda vi ser og kva bygda den ligg i heiter. Enormt mange (over 1800 svar) visste at det var Brødrene Aa i Hyen (med gamleverftet nærast). Blant dei mange trekte vi ut Siv Hopen frå Eikefjord som vinnar.

Ekspressbåten Vingtor passerer Vangsnes (Foto: Ottar Starheim/NRK)

Her spurde vi kvar fotografen stod då han tok biletet, og kva vi ser på andre sida av fjorden.. Svaret er at han stod på Vangsnes, og vi ser Hella på andre sida. Det visste Elisabeth Sætrehaug frå Hafslo, som sikra seg flaxlodda denne veka.

Gangbru over Jølstra i Førde (Foto: Kjell Arvid Stølen/NRK)

Denne gongen hadde vi henta motivet frå Førde, vi ser gangbrua over Jølstra frå Utstillingsplassen til Hafstad vidaregåande skule og ungdomshuset Viking på andre sida. Mellom dei mange som visste det har vi trekt ut Leif Arne Brekke frå Oppstryn som vinnar.

Borgund, tidl. Steinklepp i Lærdal kommune (Foto: Kjell Arvid Stølen/NRK)

Enormt mange svar denne gongen, dei fleste visste at vi skulle til Borgund, til tettstaden som tidlegare heitte Steinklepp. Før gjekk E16 her, no er vegen lagt utanom. Vinnar denne gongen vart Hege Anita Linnerud frå Askim.

Raftevolds Hotell på Grodås i Hornindal (Foto: Ottar Starheim/NRK)

Her var det enormt mange svar, dei fleste rette. Vi ser Best Western Raftevolds Hotel på Grodås i Hornindal. Mange hadde nok ikkje lese oppgåveteksten godt nok, for vi spurde etter både staden og namnet på overnattingsstaden vi ser. Og dei som har svara Raftevolds Hotel og Grodås hadde rett, at det og heiter Best Western er ikkje like viktig. Vinnar av fire flaxlodd vart Jorunn Fleten frå Haukedalen.

Bøyaøyri og Horpedalen i Fjærland  (Foto: Kjell Arvid Stølen/NRK)

Her er vi i Fjærland, og dalen vi ser midt i biletet er Horpedal. Dei som har sett godt etter har funne bomstasjonen som no er historie og har orientert seg ut frå det. Vinnar vart Sjur Dale frå Sogndal.

Jølstravatnet og Sanddalen frå Nonsnipa (Foto: Kjell Arvid Stølen/NRK)

Vi ser Jølstravatnet frå ein vinkel som er uvand for dei fleste, men ikkje for dei som bur på sørsida av vatnet og for dei som likar å gå på topptur på Nonsnipa (Sanddalsfjellet). Bygda vi ser nærast er Sanddalen. Vinnar denne gongen vart Torstein Berge frå Kongsberg.