Hopp til innhold

Fekk klemskade under lossing

Ein mann i 30-åra fekk lettare klemskadar under lossing av nokre rør frå ein båt som låg til kai ved Fjordbase i Florø.

Mannen vart frakta til legevakta i Florø med lettare skadar i ein fot, og vidare til røntgen i Førde.

Har oppretta granskingsgruppe

Saga Fjordbase har oppretta ei granskingsgruppe som skal sjå nærare på kva som har skjedd, seier HMS og kvalitetsleiar i Saga Fjordbase, Danckert Dankertsen.

- Den direkte årsaka har vi funne, men vi skal sjå nærare på korleis det kunne skje. Og så skal vi finne ut korleis vi skal unngå dette i framtida, seier han.