Hopp til innhold

Politimelder gjest på sjukehuset

Helse Førde politimelder ein mann som har vore ulovleg på Sentralsjukehuset i lenger tid.

Førde sentralsjukehus
Foto: Øystein Tveiten

Mannen fekk løyve til å bu på sjukehuset i nokre dagar som pårørande til ein pasient. Men så nekta han å reise heim.

Nekta å reise

No ser helseføretaket inga anna løysing enn å politimelde mannen.

At ein ukjent mann vandra i gangane til alle døgnets tider vart ubehageleg for dei tilsette. Han var innom delar av sjukehuset som ikkje er tenkt for besøkande, og han nytta naudutgongar for å komme seg inn på sjukehuset nattestid.


- Det kan vere ubehageleg for tilsette og andre å ha ein villt framand mann her heile tida, fortel informasjonssjef Arne Eithun.

Fekk eigne nøklar

Det var i haust at mannen fekk nøklar til eit såkalla pårørande-rom på Sentralsjukehuset i Førde.

Eit familiemedlem var innlagt på sjukehuset, og mannen skulle få bu i to- tre netter på eit rom. Men han flytta ikkje ut slik som reglane er. Etter eit par veker tok tilsette kontakt med mannen, som synte forståing for regelverket, pakka tinga sine og reiste.

Men snart vandra han i sjukehusgangane igjen, fortel informasjonssjef i Helse Førde Arne Eithun.

- Han har dukka opp ein del gonger etter at vi har snakka med han. Difor måtte vi gjere noko no.

Arne Eithun
Foto: NRK

Skjerpa reglane

Til saman har mannen budd på pårøranderommet i fleire veker. I tillegg til politimelding av mannen, har Helse Førde skjerpa reglane etter den uønska gjesten i haust.

- Vi må sjå på bruken av desse pårøranderomma, og passe på at det ikkje er andre enn pårørande som bur der. I tillegg må vi sjå til at nøklane vert levert inn att i resepsjonen, seier Eithun.