Hopp til innhold

Toppar Tall Ships rot med bot

Tall Ships Races i Måløy kan ha brote lova om offentlege innkjøp, og risikerer bot på 250 000 kroner.

Tall ships`Races i Måløy
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Kjøp av kjøkkenutstyr for heile 1, 7 millionar kroner i samband med seglskutefestivalen i sommar, kan vere brot på lova.

Ikkje bodrunde

- Det er heilt klart ein ulovleg sak, det seier sekretariatsleiar i Klagenemnda for offentlege anskaffingar, Annelise Vingskår.

Kjøkkenutstyr til Tall Ships Races i Måløy
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Før seglskutefesten i sommar som gjekk med 13 millionar kroner i underskot kjøpte arrangørane mykje dyrt kjøkkenutstyr for å drive mellom anna ein gourmetrestaurant i eit telt i sentrum. Men så store innkjøp skal leggast ut i ei offentleg anbodsrunde.

Ho seier at det fins få unntak for dette. I verste fall kan kommunen få eit gebyr på vel 250 000 kroner, 15 prosent av kjøpesummen.

- Alt ein skaffar seg skal på anbod om det kostar meir enn 500 000 kroner, påpeiker ho.

Nokon må klage saka inn

Vingskår seier dei ikkje kan gjere noko med saka før nokon eventuelt klagar saka inn til klagenemnda for offentlege anskaffingar Etter det NRK kjenner til skal ikkje innkjøpa vere lagt ut på anbod. Rådmann Ørjan Raknes Forthun vil ikkje svare på om dei har følgt regelverket.

- Eg vil ikkje svare på dette no. Er dette ikkje tilfelle vil det kome fram i revisjonen sin gjennomgang reknar eg med.

- kan du seie kva for vurderingar som er blitt gjort?

- Nei, eg kan ikkje seie noko om vurderingar som er blitt gjort, seier rådmannen.