Hopp til innhold

Fekk blindpassasjer på kjøpet

Grytidleg torsdag skulle 25 alpakkaer bli levert til ein familie i Hornindal.
Dyra hadde ein strabasiøs tur bak seg, med fly, båt, og bil frå New Zealand.

Video nsps_upload_2009_1_22_17_20_51_3198.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Matmor Connie Theresa Radermacher Haugen, har vore spent på korleis turen har gått.

- Vi hadde telefonkontakt med sjåføren heile tida, så vi har følgt med turen heile vegen opp, seier ho.

Blindpassasjer

Men då dyretransporten endeleg vart opna i Hornindal, fekk familien seg ei stor overrasking. For då sjåføren begynte å losse dyra, fann han ein liten krabat i lag med dei 25 vaksne dyra.

Men Haugen og Jørgen Langeland i Mattilsynet reagerte ikkje med glede, som ein kanskje skulle tru.

"Å nei" sa mattilsynet, og eigaren slo følgje med "Skitt".

Alpakka til Hornindal
Foto: Cosmin Cosma / NRK

For ein dag gamal og fødd på danskebåten, er den vesle alpakkaen allereie til bry for Mattilsynet. For det er ikkje lovleg å importere dyra før dei er to år gamle.

Stor alpakkafamilie

Connie Theresa Radermacher Haugen importerte sitt første alpakkaparti for fire år sidan. I dag driv familien med avl, og den eksklusive ulla er populær.

- Det går veldig bra. Vi har utvikla oss. Vi fått fleire alpakkaborn, importert fleire og fått med oss mange oppdrettarar. Så no er vi ein stor alpakkafamilie i Norge.

No har dei til saman 41 alpakka.

Slepp langvarig isolat

Dei nye importerte alpakkaene skal no stå i isolat i eit halvt år. Etter fleire telefonar bestemte Mattilsynet torsdag at den vesle guten slepp å stå aleine i isolat i to og eit halvt år.

- Eg trur nok at sidan denne er fødd så og seie her til lands, så skal det gå bra, seier Jørgen Langeland i Mattilsynet.

Alpakkababy til Hornindal
Foto: Cosmin Cosma / NRK