Hopp til innhold

Framleis alvorleg for 7-åring

Tilstanden er framleis alvorleg for ein sju år gamal gut som tysdag vart skadd i ei traktorulukke i Luster.

Asle Karoliussen

Lensmann i Luster, Asle Karoliussen.

Foto: NRK

Guten er lagt inn ved på intensivavdelinga ved Haukeland Universitetetssykehus, opplyser kommunikasjonskonsulent Øyvind Blom.

Uvisse omstende

Politiet fekk melding om ulukka i 14.30-tida tysdag . Guten og systera hans skal ha blitt henta på ein busshaldeplass i Høyheimsvik. Etter det politiet kjenner til, sat dei dei to i frontskuffa på traktoren, og ikkje i traktorhytta. Den sju år gamle guten skal ha fått hovudskader, men er i følgje lensmann i Luster, Asle Karoliussen, ikkje livstrugande skadd.

- Ulukka skal ha skjedd då dei kom fram på gardstunet. Det er uvisst om han hoppa eller fall av. Det er også uvisst om skaden oppstod mot skuffen, eller om han har kome under traktoren, seier han.

Sat i frontskuff

Guten vart frakta med luftambulanse til Haukeland. Politiet har vore på åstaden og vil gjennomføre avhøyr av dei involverte i dag. Ulukka vert vidare etterforska av lensmannskontoret i Luster. Karoliussen seier at det ikkje er lovleg å frakte personar i frontskuffa.

- Det er heilt klart føreskrifter og reglar som regulerer det, og dette vil vere ting som vi vil sjå på, men vi ønskjer ikkje å ha fokus på det i dag, seier Karoliussen.

Høyheimsvik i Luster

Ulukka skjedde på ein gard ved Høyheimsvik i Luster.

Foto: Googlemap