Hopp til innhold

Kaptein ordna hotellrom til Silja

Då flyselskapet Norwegian ikkje ville ordne overnatting til flyredde Silja Kristianne Uteng (19) etter skrekkopplevinga torsdag, tok flykapteinen saka i eigne hender.

Silja Kristianne Uteng
Foto: Privat

Kapteinen betalte hotellopphaldet hennar i Oslo då ho ikkje kom seg heim att til Florø.

- Norwegian hadde ikkje avtale med flysambandet mitt, så då kunne dei ikkje ordne med opphald for deira rekning. Kapteinen tok saka i eigne hender og betalte rom for meg. Eg har aldri opplevd slikt. Ein slik eineståande mann skal ein leite lenge etter. Eg veit ikkje korleis eg skal få takka han nok, fortel 19-åringen som skulle til Florø, seier Silja Kristianne Uteng.

Ville berre heim

Petter Skogstrand, kaptein i Norwegian.

Helten: Kaptein i Norwegian, Petter Skogstrand.

Foto: Norwegian

I dag sit ho trygt heime i Florø, full av inntrykk frå ein heller dramatisk torsdag for hennar del. For Silja tok flyskrekken med seg ombord i Norwegian-flyet som skulle frå Bardufoss til Oslo med 137 passasjerar. Men som i staden måtte naudlande i Bodø på grunn av feil med kabintrykket . Dermed kom ho heller ikkje med flyet til frå Gardermoen til Florø.

- Reaksjonen min kom etterpå, i hallen der vi skulle møtast. Eg kjende meg åleine, redd, byrja å skjelve og tårene kom. Heldigvis var det andre som tok seg av meg. Det var veldig ubehageleg og ekkelt. Eg ville berre heim att, men eg ville ikkje sette meg i eit fly, seier ho.

- Klarte ikkje å roe meg

Kaptein Petter Skogstrand i Norwegian vart informert om den unge passasjeren med flyskrekk og tok seg god tid med å orientere om kva som hadde skjedd og kva som skulle skje vidare.

- Eg klarte ikkje å roe meg, og kapteinen kom. Eg har aldri opplevd nokon som har teke seg så god tid, og aldri opplevd nokon så forståelsesfulle som han, held ho fram.

- Positiv oppleving

Dermed vart også Silja mellom flypassasjerane som i 22.30-tida på nytt sette seg i flysete, på veg mot Oslo. På vegen fekk ho sitte i cockpiten saman med kapteinen og andrepiloten, Kenneth.

- Eg turde ikkje med det same, men fekk ei veldig positiv oppleving. Dei slo av lyset så eg fekk sjå ein utruleg flott stjernehimmel. Eg har aldri sett den så klar, seier ho.

Vil fly igjen

19-åringen fortel at oppfølginga frå flybesetninga snudde den dramatiske hendinga til ei veldig flott oppleving. Spesielt kapteinen som sytte for hotellrom slik at ho kunne få ei god natts søvn før flyet til Florø.

- Eg veit ikkje korleis eg skal få takke han nok. Han gav meg sjansen til å sjå på dette med å ta fly på ein heilt annan måte; å vite at dei som styrer det veit kva dei gjer og at dei også vil heim til sine, fortel Silja, som takka vere kapteinen kjem til å ta fly igjen.

- Litt spesielt

Kapteinen sjølv, Petter Skogstrand, seier han berre vil ta best mogleg vare på passasjerane sine. Han vedgår likevel at det ikkje er daglegdags å betale passasjerane si overnatting frå eiga lomme.

- Det er første gang, men det var ein litt spesiell situasjon. Eg vart gjort merksam på ei som var oppskaka og prøvde å ta meg ekstra godt av henne. Ho var engsteleg og rådvill, seier han.

Norwegian seier i ein kommentar at dei ikkje kan dekke overnatting når dei vidare forbindelse er med andre flyselskap. Når eit fly må naudlande har dei ikkje andre prosedyrar.

Har du hatt positive/negative opplevingar i samband med flyreiser? Tips oss