Hopp til innhold

Gaupe felt i Loen

Eit jaktlag i Loen felte klokka 13 ein stor hanngaupe få kilometer frå Alexandra hotell.

- Den kom frå Lodalen på veg mot Loen, men snudde innover att mot Lodalen. Eit par kilometer frå Alexandra hotell vart den felt med eit velretta skot, opplyser koordinator for jakta, Håkon Loen.

Var 110 prosent sikre

Dei første spora etter gaupa vart oppdaga natt til fredag. Dei kom då frå Stryn og gjekk innover i Lodalen.

- Vi har hatt mange observasjonar både av spor og sjølve gaupa. Vi hadde folk frå Statens Naturoppsyn inne og var 110 prosent sikre på at dette var ei gaupe. Den har kryssa veg og is fleire stadar, seier Loen.

- Vanskeleg jakt

Laurdag var kring 20 personar på jakt. Mellom desse to ekspertar med hundar frå Trysil. Spor viser at gaupa har teke nordsida innover i dalen, og sørsida ut att.

- Det var ikkje lett. Snøfallet viska ut spora etterkvart. Vi heldt på i heile går, men det vart etterkvart altfor mykje spor. Det var mest som om vi trudde det var to gauper, seier Loen.

Har sett tidlegare

Kring 15 personar stilte til ny jakt søndag føremiddag. Det har ikkje kome like mykje nysnø som tidlegare i helga.

- Vi har vore klar over at det har vore gaupe her tidlegare i området. Det siste året har vi hatt ti observasjonar av både spor og gaupe. Den har vore her ofte, men har nok også andre område den er innom. Det er nok eit streifdyr, seier Loen.

- Føre var

Sjølv om bøndene sålangt ikkje har kunne påvise at gaupa har drepe småfe i beitesesongen, var jegerane budd på å starte jakt så snart dei fekk merkespor.

- Men Sogn og Fjordane skal vere gaupefritt, så det er om å gjere å vere litt føre var, seier Loen.

Kommentarfeltet er stengt av etter ei rekkje sjikanerande innlegg.