Hopp til innhold

Treng utdanna ambulansepersonell

Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, forstår bekymringane til ordførarane om ambulanseberedskapen. Men han seier Helse Førde i tillegg har ei utfordring med å ha nok utdanna fagfolk i ambulansetenesta.

Jon Bolstad, administrerande direktør i Helse Førde.
Foto: NRK

Helse Førde planlegg store kutt i ambulanseberedskapen i mange kommunar i fylket. Mange reagerer på dette, og fleire ordførarar meiner dette vil gjere at legevaktsamarbeidet vil stå i fare .

- Det er klart at dei argumenta og bekymringane ordførarane målbærer skal vi ta på alvor. Vi har eit ønskje om at legevaktsamarbeidet som kommunane har jobba hardt og lenge med skal lukkast.

- Eg trur det er viktig for Helse Førde og gå i ein dialog med kommunane det gjeld, slik at vi snakkar rundt tal og fakta. Det er ikkje sikkert at den organiseringa som ein har hatt med ambulansane over lang tid er den optimale. Så vi har ein liten veg å gå her, seier Bolstad.

Nye krav til personell i 2010

Ambulansesjåførar

1. april 2010 er det krav om at det skal vere fagutdanna ambulansepersonell på alle ambulansar

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Frå 1. april neste år er det et krav om at det skal vere fagutdanna ambulansepersonell i alle ambulansar. Helse Førde har problem med å fylle dette kravet slik situasjonen er i dag.

- Vi vil ha problem med å stette dei krava. Vi har for mange i dag som ikkje tilfredstiller krava, og vi vil ikkje klare det i den fasen vi går inn i. Så det er ein fagleg bit i denne omlegginga også, i tillegg til økonomien. I distrikta er det lange vaktperiodar med stor vaktbelastning men få oppdrag. Og då er det lite trening. Så det er ein samansett sak, seier direktøren.

Krevjande å kommunisere

Men Bolstad ser at det er krevjande å kommunisere tryggleiken i omlegginga ut til publikum.

- Du kan få fagfolk til å vere samd i at dette er fornuftig. Men mannen i gata sin oppleving skal vi ta på alvor. Så det er ein krevjande sak for oss å få dette inn i eit spor der folk seier at dei trur det er riktig utvikling. Vi må utvikle den faglege kvaliteten i ambulansen samstundes som vi opplever at dette er greitt når det hastar.

Kva meiner du om ambulanseberedskapen ?