Hopp til innhold

- Vindkraft er lite konfliktfyllt

Det er i dag små lokale konfliktar mellom reiseliv og vindkraft.

Vindmøller
Foto: Roald Levi Halsør

Undersøkjinga som er gjort over ein toårsperiode viser at det er små lokale konfliktar mellom reiseliv og vindkraft.

Vande med vindkraft

- Eg er litt overraska, for temperaturen i debatten var høg då vi gjekk inn i prosjektet. Det var ein del støy rundt vindkraft og reiseliv, seier Carlo Aall ved Vestlandsforskning, som trur det kan vere fleire årsaker til funna.

- Vindkraftanlegg i Noreg er enno ikkje lagt i område med store reiselivsinteresser. Utanlandsturistar er vande med vindkraft og ser på det som ein fornuftig energipolitikk, seier Aall.

Undersøkinga er gjort på oppdrag frå NHO, Vestavind Kraft og Energibedriftenes Landsforening. Vestlandsforskning har intervjua 75 norske og utanlandske turistar, sett på erfaringar frå utlandet og studert tre lokalitetar i Norge, blant dei Mehuken i Sogn og Fjordane.

Kan truge merkevara

Også Karin Halle i NHO Sogn og Fjordane er overraska over funna.

- Vi hadde forventa at det var meir negative haldningar til vindkraft. Men den storstilte nasjonale utbygginga har ikkje skjedd enno. Så vi veit ikkje kva effekten blir når det i så fall skjer, seier Halle.

Aall trekker fram at det er eit stort konfliktpotensiale mellom ei storstilt nasjonal vindkraftutbygging og merkevarebygginga reiselivet har av Noreg som ferieland. Og Aall meiner det er eit behov for å sjå nærare på kor mykje vindkraft ferielandet Noreg tåler.

- Vi veit ikkje kor smerteterskelen er. Men det er viktig å gjere undersøkjingar som kan seie noko om kor mykje vindkraft Noreg toler før merkevara av Noreg som eit reint urørt reisemål byrjar å svikte, seier Aall.