Hopp til innhold

Vil ha innsyn i risikovurderingane

Helsetilsynet krev innsyn i risikovurderingane Helse Førde har gjort i høve til forslaget om kutt i ambulansetenesta.

Petter Øgar.

Fylkeslegen krev innsyn i risikovurderingane.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Helseføretaket må spare 100 millionar kroner i år, og har i budsjettforslaget mellom anna foreslått å kutte ambulansen i Aurland, Jølster og Lavik.

- Framleis usikker

Men fylkeslege Petter Øgar kan ikkje seie om det er forsvarleg å gjere dei kutta Helse Førde foreslår.

- Etter å ha lest det som står i budsjetteksten så er eg nok framleis usikker på om det er forsvarleg, seier Øgar.

Vil ha dokumentasjon

Fylkeslegen har difor skrive eit brev til Helse Førde, der han ber om å få sjå dei vurderingane helseføretaket har gjort for å vite om kutta er forsvarlege. Øgar vil ha innsyn i vurderingane som kan dokumentere at det er greitt å fjerne ambulansane i Jølster, Aurland og Lavik. Og i tillegg ta vekk ein døgnambulanse i Flora, og dagambulansane i Vågsøy og Luster.

- Helse Førde har ei sjølvstendig plikt til å syte for at tilbodet dei gir er fagleg forsvarleg. Då går eg ut i frå at dei har gjort seg opp tankar i forhold til det, og dei vil vi gjerne sjå for avgjere om dei held mål eller ikkje, seier fylkeslegen.

- Høg risiko

Helse Førde må spare omlag 100 millionar kroner i år, og kutta i ambulansetenesta kom i revidert budsjett som helseføretaket la fram måndag. Sidan då har reaksjonane vore enorme. I går sa kommunelegen i Flora, Jan Helge Dale, at Helse Førde ikkje har gjort grundige nok utgreiingar i samband med ambulansekutta

- Slik vi opplever det så køyrer Helse Førde ein veldig høg risiko om kutta vert gjennomført som planlagt. Vi er veldig usikre på om dei har gjort naudsyne risikoanalysar på dette, seier Dale.

Svaret frå Helse Førde var at dei hadde gjort risikoanalysar. Det er desse helsetilsynet no krev å få innsyn i, for dei har ikkje kome godt nok fram.

- Eg har berre sett styredokumenta som ligg på internett. Det som står der om ambulanse gir ikkje meg eit fullgodt svar på dette, seier fylkeslege Petter Øgar.

DELTA I AMBULANSEDEBATTEN

Vurdering uavhengig av tidspunkt

Styret skal behandle budsjettet på fredag. Fleire tillitsvalde har poengtert at tida er knapp. Men ifølgje fylkeslegen er ikkje Helsetilsynet pressa.

– Vi er ikkje avhengige av tidspunktet styret skal vedta dette eller ikkje. Helsetilsynet kan når som helst gå inn og vurdere om noko er forsvarleg om dei finn grunn til det, forklarar Øgar.

Og ifølgje Øgar må styret sjølv syte for at dei føler saka er godt nok opplyst før dei fattar vedtak.