Hopp til innhold

Fann tentamen på internett

10.klassingar har i vår funne tentamensoppgåver på internett.

Sogndal ungdomsskule

Elevane som hadde tentamen som låg ute på internett på Sogndal ungdomsskule må ta prøva ein gong til.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

På Sogndal ungdomsskule må elevane gjennom nye prøver for å få rett standpunktkarakter.

Fekk mistanke

Mange ungdomsskular har brukt oppgåver som Utdanningsdirektoratet har lagt ut på passordbeskytta nettsider. Det er desse som har lekt ut.

- Elevane kunne google, gå inn på facebook og få ut heile oppgåva, seier rektor Gunnar Sunndal.

Rektor og lærarane fatta fort mistanke.

- Då vi opplevde at elevar gjorde det betre enn forventa, så vi måtte gå tilbake og få svar på kva som var skjedd, seier rektoren.

Skuldar på direktoratet

Sunndal meiner direktoratet har informert for dårleg om faren for at prøvene kunne bli lagt ut.

- Vi meiner systemet er for dårleg forklart. Det er vel ein viss kommunikasjonssvikt mellom ungdomsskulane og direktoratet.

Men direktoratet avviser kritikken, og avdelingsdirektør Siv Lindstrøm i Utdanningsdirektoratet meiner dei har gjort det klart nok.

- Vi laga ikkje tentamensoppgåvene for lærarar og skulane. Det vi har gjort er å lage eksempeloppgåve etter kunnskapsløftet, seier ho.

Nye prøver

Kommunikasjonssvikten gjer at det blir ein ekstra travel vår for 10. klassingane ved Sogndal ungdomsskule.

No skal dei ha ekstraprøver, slik at standpunktkarakter blir sett på rett grunnlag. Det blir litt ekstraarbeid, seier rektoren.

- Det vert ein stor runde for lærarane som skal rette og vurdere elevane.