Hopp til innhold

Fekk 1000 liters dunk i fronten

Fleire tusen liter såpe lak ut i vegen etter eit trafikkuhell på E39 ved Bekkjavatnet i Førde.

Ulukke Bekkjavatnet
Foto: Ole Johannes Øvretveit / NRK

Fem tusenliters dunkar pressa seg gjennom veggen i ein lastebil, då den køyrde gjennom ein sving. Ein av dunkane trefte ein varebil. Ulukka skjedde i halv åtte-tida onsdag.

Fronten på personbilen vart smadra. Føraren av bilen, ein mann i slutten av trettiåra, vart frakta til sjukehust med lettare skadar.

For dårleg sikra

Politiet har starta etterforsking av saka, med fokus på sikring av last. Dei meiner det ikkje er tvil om at lasta var for dårleg sikra.

Ein mann frå ulukkesgruppe til Statens Vegvesen har gått gjennom lasta, han skal seinare leggje fram ein rapport for politiet.

Spylte vekk såpa

Politi, brannvesen og ambulanse rykte ut på plassen, og brannvesenet har spylt vekk såpa frå vegbana. Politiet vil ta ein vurdering av kor glatt vegbana er, og om dei skal skilte ekstra.

Det danna seg lange køar på begge sider av ulukkesstaden, og vegen var ein periode heilt stengd. Trafikken vert no sleppt forbi.

Blir etterforska

Køar etter Ulukke på E39

Lange køar etter ulukka.

Foto: Ole Johannes Øvretveit / NRK

No set politiet i gang etterforsking for å finne ut om lasta var for dårleg sikra, seier politiførstebetjent Bjarne Brudevoll.