Hopp til innhold

Vest Tank-rettssak tek til

Alexela Sløvåg og tidlegare Vest Tank-eigar Trond Emblem kranglar om over 100 millionar kroner.

Alexela i Sløvåg i Gulen.
Foto: Steinar Lote / NRK

Måndag byrjar rettssaka mellom dei to i Bergen Tingrett.

Det er oppgjeret for tankanlegget i Sløvåg som er bakgrunnen for krangelen. Emblem skuldar Alexela for å halde tilbake delar av kjøpesummen.

Omfattande og betent sak

Det er ei svært omfattande og betent sak som tek til i Bergen tingrett måndag. Krangelen går tilbake til 23. mai 2007. Då kjøpte Alexela Sløvåg tankanlegget Vest Tank frå Trond Emblem.

Eksplosjon dagen etter

Men dagen etter kjøpet kom Vest Tank-ulukka. To tankar gjekk i lufta i Sløvåg. Avtalen var signert før eksplosjonen, men vart ikkje gjennomførd. Partane var samde om å ta resten av oppgjeret ved eit seinare høve.

Held tilbake 40 millionar

Men Alexela held framleis tilbake 40 millionar kroner av den totale kjøpesummen på 73 millionar. Den rabatten er altfor stor, meiner Emblem.

Krev 60 millionar

Alexela på si side meiner det er for lite. Dei krev 60 millionar kroner av Emblem i tillegg, sidan Alexela har hatt store kostnader ved å fjerne det giftige avfallet som låg att på tomta etter Vest Tank.

- Vart lurte

Dessutan meiner Alexela dei vart lurte av Emblem då dei kjøpte anlegget, at dei fekk eit anna anlegg enn dei var førespegla.

Ein månad i retten

Det er kalla inn vitne frå både inn- og utland. Dokumentasjonen og talet på vitne er så omfattande at det er sett av ein heil månad i tingretten.

Advokatane ynskjer ikkje å kommentere saka.